26.05.2012

Sju tilsette må flytte

Bioforsk Njøs. (Foto: NRK)

Styret i Bioforsk har i dag vedteke å leggje ned forskingsstasjonen på Njøs i Leikanger, skriv Sogn Avis.

Dei sju arbeidsplassane skal flyttast til stasjonen i Ullensvang i Hardanger. Årsaka er at Bioforsk må spare pengar.

Både tilsette, politikarar og fruktnæringa har protestert på planane, Dei fryktar ei nedlegging vil få alvorlege konsekvensar for den viktige frukt- og bærnæringa.

Vert vedtaket ståande er dermed eit av dei eldste forskingsmiljøa i sitt slag her i landet snart historie.

- Det er intensjonen at alle dei tilsette på Njøs skal få tilbod om å flytte med til Hardanger, seier administrerande direktør i Bioforsk, Harald Lossius, til Sogn Avis.

Forskingsleiar Nina Heiberg seier dei nektar å gje opp kampen, og at dei no vil kontakte storingspolitikarar og departementet.