26.05.2012

Nye Astrup-bilete for sal

'Vinternatt på Fjellstølen' av Nikolai Astrup. Foto Johan Albert Mohn AS.'Vinternatt på Fjellstølen' av Nikolai Astrup. Foto Johan Albert Mohn AS.

Nikolai Astrup-bileta 'Vinternatt på Fjellstølen' og 'Begravelsesdag i Jølster' vert lagde ut for sal.

Begge bileta vart måla til Astrup si første utstilling i Bergen, i 1908. Dei vart då kjøpt av professor Haakon Shetling, og vert no - 95 år seinare - igjen lagde ut for sal.

Prisrekord

Det er auksjonsfirmaet Johan Albert Mohn som auksjonerer ut bileta. Det er same firmaet som tidlegare i år oppnådde over to millionar kroner for Astrup-biletet 'Stangfiske i Måneskin'. Det er høgste prisen på eit bilete selt i Norge i år.

Mindre kommersielle

- Bileta som no skal auksjonerast er mindre kommersielle, seier Fredrick Mohn ved auksjonsfirmaet. Han håpar bileta vert verande på Vestlandet. Prisen på kvart bilete trur han blir rundt ein million kroner.

Sjå om Nikolai Astrup i Fylkesleksikon

Lenker