Held fast på nedlegging

Administrasjonen i Bioforsk held fast på framlegget om å flytte forskingsstasjonen på Njøs i Leikanger til Hardanger.
Publisert 13.06.2006 08:47.
- Skriv ut
Onsdag skal styret i Bioforsk ta stilling til saka. Nina Heiberg, som er forskingsleiar ved Njøs, legg ikkje skjul på at ho er skuffa over framlegget frå administrasjonen.
- Eg er svært skuffa over at administrasjonen ikkje har teke omsyn til nye moment som har kome fram i saka, og som viser at ei flytting kan få alvorlege konsekvensar for næringa på landsplan, seier ho.
Manglar pengar
Det brenn no eit blått lys for forskingsstasjonen på Njøs, eitt av dei eldste forskingsmiljøa innan landbruk i Norge. For Bioforsk manglar pengar og landbruksdepartementet har alt godkjent at styret får gjere naudsynte omstillingar for å kome i balanse.
- Gir ikkje opp
Onsdag skal styre bestemme seg for kva dei skal gjere. Trass i kraftige protestar lokalt foreslår altså administrasjonen å legge ned stasjonen i Leikanger og flytte dei ni forskarstillingane til Hardanger, men forskarane på Njøs vil ikkje sjå kampen som tapt før slaget er over.
- Vi veit jo ikkje kva styret vil svare, og landbruksdepartementet må godkjenne dette, seier ho.
Landbruket i Sogn og Fjordane
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket