Hopp til innhold

Bjørnen herja nær skulen

Det er sett nye spor av bjørn i Sogn. Denne gongen på Flatbreen i Fjærland. Samstundes er det funne sundrivne sauer berre nokre hundre meter frå skulen.

Bjørnespor i Fjærland.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Fredag kveld var journalist Tor Yttri i Sogn Avis med eit turfølgje som fann bjørnespor på Flatbreen.

- Vi hadde starta nattskituren over breen frå Fjærland til Jostedalen, då vi gjekk på bjørnespora fremst på Flatbreen, like før ein kjem over på Supphellebreen. Akkurat kor ferske spora var er umogeleg å fastslå, men etter den sterke smeltinga den siste tida er dei neppe særleg meir enn eit døger gamle, truleg ferskare, seier Yttri til si eiga avis.

Fleire observasjonar

Yttri har tidlegare sett mange jervespor i indre Sogn og bjørnespor i Nord-Amerika. Han var også i Mundalsdalen då det vart funne spor etter bjørnen der.

Statens Naturoppsyn skal no studere fleire foto av spora som vart funne på breen.

Natt til torsdag vart det sett bjørn på Solheim i Førde , ni kilometer utanfor sentrum i retning Jølster. Laurdag morgon vart det også meldt om bjørn ved Moskog, berre nokre få kilometer lenger aust.

 

Sau drepen av bjørn i Fjærland.
Foto: Einar Fortun

Nær skulen

Fredag vart det funne tre nye sauekadaver i Fjærland, to av dei berre 600-700 meter frå skulehuset. Sogn Avis skriv at sauebonde Erik Distad fann sauene i området under Nesahaugen. Rovviltkontakt Einar Fortun stadfestar at alt tyder på at dei tre sauene er drepne av bjørn. Han meiner desse sauene vart drepne omtrent på same tid som sauene som vart funne i Mundalsdalen i pinsa.

 Også i Gaular er det funne sauer, som fagfolka meiner kan vere offer for herjingane til bjørnen.