10.02.2012

Ordførar likar ikkje støtte frå FMI

Nils P. Støyva (Foto: NRK)

Ordførar i Stryn, Nils P Støyva er lite begeistra for at Folkebevegelsen mot Innvandring no går ut med støtte til kommunen.

Bakgrunnen er at medlem av FMI, Norvald Aasen frå Askvoll, meiner innbyggjarne i Stryn bør ta i bruk sivil ulydnad for å få stoppa det planlagde asylmottaket i Olden.

Novald Aasen har vore medlem i Folkebevegelsen mot Innvandring i rundt 20 år. Dei siste dagane har Norvald Aasen markert seg fordi han sit i den omstridde komiteen som fordeler pengar til rasistar og rasistiske organisasjonar. Komiteen føreslo mellom anna å gje pengar til mannen som drap Benjamin Hermansen.

Ordførar Nils P. Støyva likar det slett ikkje. Høyr: Ordførar ikkje begeistra over FMI-støtte