Hopp til innhold

28 mill. meir til Helse Førde

Gledeleg, men løyser ikkje problema seier styreleiaren.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

- For oss i Helse Førde utgjer dette 28 millionar kroner og me er glade for alt vi får fordi vi veit me har store utfordringar. Men 28 millionar rettar ikkje opp utfordringane me har i 2009, så me må sjølvsagt gjere grep likevel, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg.

250 mill. til Helse Vest

Utvalet som har sett på fordelinga mellom helseføretaka, Magnusenutvalet, meinte opprettinga av skeivfordeling skulle skje ved at ein reduserte løyvinga til Helse Sør-Øst, som får 780 millionar for mykje av dagens helsekake, og så dele dette på dei tre andre helseføretaka, der Helse Vest skal få 250 millionar.

Men no vel regjeringa å ikkje redusere løyvinga til sør øst, og dermed må dei andre få desto meir. Helse Vest over 500 millionar. Kor mykje regjeringa vil løye av friske pengar, er enno usikkert, seier fylkesleiar Aud Kari Steinsland som deltok på det store telefonmøtet med statsråd og partileiing i går kveld.

- Glade for det me får

- Det vart ikkje nemnt summar, men det vart uttrykt stor politisk vilje til at dette skulle ein gjere og greie ut gjennom ein skikkeleg prosess der regjering, stortingsgruppe og sikkert resten av partiet var involvert. Fram mot løyvingane i statsbudsjettet,

- Det regjeringa seier er at dei i alle fall skal rette opp dokumentert skeivfordeling. Då vil eg sjå litt nøyare på kva det inneber. Me hadde håpa på 40 millionar kroner, men vi er veldig glade for det me får her, seier Øberg.