26.05.2012

Fryktar fleire ulukker på vegane

Kravet om utbytte i Statens vegvesen går ut over trafikktryggleiken. Det meiner Svein Fedje som har 33 år bak seg i vegvesenet, og som no arbeider i Mesta. Han fryktar fleire ulukker på vegane.

- Regjeringen legg opp til å spare pengar og privatisering. Kravet om utbytte i Statens vegvesen fører til nedbygging av trafikktryggleiken, hevdar Svein Fedje.

Mindre tilbod

Han meiner at tryggleiken på vegane har gått drastisk ned den seinare tida. Med 33 år bak seg i Statens vegvesen, fryktar Fedje no for dei køyrande. I går høyrde vi at vegstrekningar er vortne farlege fordi vegkantar ikkje vert rydda for kratt og skog. Fedje fryktar at dette berre er starten.

- Eg fryktar at dei vegfarande vil få oppleve at det blir mindre av tilbod som vegsalting, strøing og skogrydding, noko som vil gå utover trafikktryggleiken. For når vegstandarden blir dårlegare, så kjem ulukkene, meiner Fedje.

Fryktar vinteren

Fedje vil ikkje eine og åleine klandre vegvesenet for dei farlege vegane. Han hevdar problema først og fremst er politiske. Han meiner det no er på tide å seie i frå.

- Det er på høg tid at vi som er kjende med forholda seier ifrå.

Og om ikkje noko blir gjort snart, fryktar Fedje vinteren.