Hopp til innhold

Lurt av falske bjørnespor

- Dette er ein smaklaus spøk, seier leiar i jaktlag.

Bjørnespor

- Dette er falske bjørnespor, meiner fellingsleiar Finn Olav Myren.

Foto: Vibeke Madsgård Kårstad

Helen Farsund (t.v.) og Vibeke Madsgård Kårstad.

Helen Farsund (t.v.) og Vibeke Madsgård Kårstad vart lurte av dei falske bjørnespora.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Bjørnesporet i Gaular er falskt, det seier leiaren i fellingslaget, Finn Olav Myren.

Myren leier jaktlaget som har fått fellingsløyve på ein bjørn av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er at ein bjørn har teke livet av åtte sauer i Sunnfjord dei siste dagane.

Les: Fann bjørnespor på turveg

Livredde

Det var i går at to venninner i Gaular blei skremde av det som såg ut som eit bjørnspor.Men Myren seier nærare undersøkingar viser at det heile er ein dårleg spøk:

- Ingen av spora vender innover, noko dei gjer på ein bjørn. Tipset mitt er difor er at spora er laga med hjelp av ein protese.

Finn Olav Myren

Fellingsleiar Finn Olav Myren er kritisk til spøken.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Kva tykkjer du om det?

- For å seie det rett ut: Smaklaust! Det er mange som har blitt redde, og fellingslaget må ta dette seriøst og brukar difor mykje tid på det.

- Vil du melde spøken til politiet?

- Det har eg ikkje teke stilling til enno, seier Myren

- Må vere spøk

Leiaren i fellingslaget får støtte frå Viggo Ree i Foreningen Våre Rovdyr:

- Dette må vere falske bjørnespor, laga av mennesker. Tåputene på det som skal vere eit framfotspor er nesten på rak linje, det manglar karakteristiske spor etter klørne, småsteinane i grusen er fjerna for å lage avtrykket, og bakfotsporet som skulle ha vore rett framom, manglar. Dessutan skrapar bjørnar ikkje slik i eigne spor, og avsettinga er for djup sjølv i denne typen grusveg. Her er det nok ein eller fleire personar som har hatt det moro, seier Ree.