Vibeke Madsgård Kårstad og venninna Helen Farsund gjekk den faste turløypa si på Lunde i Gaular kommune då dei onsdag kveld kom over ferske bjørnespor.
- Me blei livredde
- Eg tenkte: Å herregud! Me blei rett og slett livredde, fortel Madsgård Kårstad til firda.no. Spora gjekk i retning skogsvegen på Nos over høgda mot Bygstad.
- Dei må ha kome etter søndag, for då var heile bygda med på ei naturstivandring i det same området, utan at nokon la merke til desse spora, seier Madsgård Kårstad.
- Det er bjørn
Etter å ha fått sett bileta av spora som Madsgård Kårstad fotograferte onsdag, er leiaren av fellingslaget som har fått løyve til skyte bjørnen i Sunnfjord, Finn Olav Myhren, ikkje i tvil:
- Dette er bjørnespor.
Les:
Åtte drepte sauer
I løpet av den siste veka er det funne seks sauekadaver etter ein bjørn sitt rovtokt i Sunnfjord. I tillegg har to sauer døydd etter skadene dei har fått. Fylkesmannen gav onsdag Viksdalen og Førde beitelag løyve til å skyte ein bjørn.