Hopp til innhold

- Lagar zoologisk hage

Siri Martinsen, leiar i NOAH Dyrenes rettigheter, har svært liten sans for at det no skal skytast bjørn i Sogn og Fjordane.

- Bjørnar høyrer til i norsk natur. Vi er heilt imot den stadig sterkare mennesklege kontrollen over naturen og dei ville dyra som vi ser i Norge i dag. Det er rett og slett å omgjere naturen til ein zoologisk hage, og vi ser veldig negativt på det. Vi tykkjer dei ville dyra burde få vere i fred, seier Siri Martinsen.

- Men kva skal ein gjere når dei drep husdyr?

- Husdyr blir drepne i store mengder på slakteria fordi menneske vil tene pengar på å ha dei. Vi tykkjer det er kritikkverdig. Vi tykkjer også at det er kritikkverdig at husdyr som er avla fram til å ikkje klare seg så godt i naturen blir tekne av rovdyr, men det er eigarane sitt ansvar å beskytte dei, seier Martinsen.