Politiet fekk melding om ulukka klokka 17.19 måndag ettermiddag.
- Det er snakk om ei fallulukke i eit byggjefelt i Vågsvåg. Mannen har falle tre meter ned frå ein stige, seier vakthavande ved operasjonssentralen til Sogn og Fjordane politidistrikt, Kjell Fonn.
Ambulanse og luftambulanse kom fort til ulukkesstaden.
- Der vart det gitt livreddande førstehjelp, før vedkomande vart send til Haukeland sykehus, seier Fonn.
Det er førebels usikker kor alvorlege skader mannen har pådrege seg.