Det er soga om vikingen Fridtjof den Frøkne og kjærleiken hans som skal dramatiserast.
Spelet skal framførast ved statua på Vangsnes.
Initiativtakar og tekstforfattar Rolf Losnegård har sett seg som mål at sogespelet skal ha premiere i 2005.
Fridtjofstatuen på Vangsnes. Foto: Terje Dahle © NRK
Problemfylt kjærleik
Kong Bele i Balestrand. Foto: Arild Nybø © NRK
Fridtjof den Frøkne er den modige vikinghelten og krigaren som la sin elsk på den fagre kongsdottera Ingeborg. Men faren, Kong Bele, såg ikkje blidt på samkvemet. Dermed vart dei to gåande og lengte etter kvarandre på kvar si side av Sognefjorden.
Trekte folk til Balestrand
Historia, som på 1800-talet vart utgitt i den svenske diktaren Esaias Tegnér si språkdrakt, vart ein bestseljar i dei øvre sosiale sjikt på kontinentet. Blesten om dei norske fjordane og Sogn vart medverkande til at kunstnarar, og snart ferierande overklassefolk, strøymde til Balestrand og området rundt.
I dag er den ruvande vikingstatua på Vangsnes og den grublande Kong Bele i Balestrand dei synlegaste spora etter soga om Fridjof den Frøkne.