Hopp til innhold

Politiet kan gripe inn i premieren

Politiet vil stå klare til å fysisk avbryte teaterpremiere.

Politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane.
Foto: Oddleif Løset / NRK

Les og debatter: Her mistar Arild førarkortet

- Me kan gripe inn og stogge arrangementet og seie at dette vil me ikkje vere med på. Vi kjem ikkje til å sitje og sjå på at det blir gjort straffbare handlingar – då stoggar vi førestillinga, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke om "Burn baby, burn", stykket Politidirektoratet nektar Sogn og Fjordane setje opp - men som teateret likevel vil ha premiere på i mai neste år.

- Om stykket blir sett opp i denne forma er det naturleg at folk frå politidistriktet er tilstades og vurderer om dette er innanfor vegtrafikklova, seier han – og set endå ein spiss på det alt svært omstridde teaterstykket.

Mediesirkus

Striden rundt ”Burn baby, burn” har for lengst utvikla seg til eit mediesirkus ein knapt har sett maken til i Sogn og Fjordane. Det toppa seg på fredag då Sogn og Fjordane Teater sin innleigde rånesjåfør demonstrerte ”burning” på oppfordring frå Bergens Tidende sin fotograf. Ein politibetjent på handletur var vitne til råkøyringa utanfor Biltema, og beslagla sjåføren sitt førarkort.

BT-redaktøren: - Dette var dumt

- Burninga er sjåføren sitt ansvar

Men i mai neste år kan alt dette bli småtteri. Då har Sogn og Fjordane Teater planlagt premieren på si oppsetjing av ”Burn baby, burn”. Politimeister Brekke lovar at hans karar kjem til å stille mannsterkt på premieren. Klare til å gripe inn kvar augneblink som helst – dersom dei meiner den planlagde sladdinga råkøyringa går for langt. Brekke varslar at sceneaktørane i utandørsstykket kan få strafferettsleg ansvar for køyringa si

- Etter lova har den som gjer eit lovbrot sjølv eit ansvar. Om ein veit at det ein gjer er straffbart så er ein strafferettsleg ansvarleg.

- Vil unngå det

- Eg vil prøve å unngå det. Eg håpar at politiet blir klar over at dei sjølve bryt lova om ytringsfridom før den tid, seier teatersjef Terje Lyngstad om saka.

Han augnar eit pr-sirkus av dei heilt sjeldne med ein premiere der skodespelarane når som helst kan bli stogga av uniformerte politifolk som står og ventar. Han vedgår at tanken på eit slikt sirkus er besnærande, men vil prøve å sleppe det.

- Vi har eit år på oss til å bli samde slik at politiet kan kome inn og vere vaktmannskap og bli ein samarbeidspartnar, seier Lyngstad.

- Forskjellsbehandling

Han meiner teateret blir grundig forskjellsbehandla i høve til motorsportsarrangement, og vil bruke året som kjem til å forklare politiet dette synet. Dermed håpar han å unngå fullt sirkus på premieredagen.

- Det er eit mogleg utfall, men det vil etter det eg forstå vere første gongen i norsk historie at politiet stoggar ei teaterførestilling. Dei må ta ansvar for sjølv om det skulle skje, men eg trur ikkje politiet er så dumme, seier han.