Hopp til innhold

- Men DETTE er lov…

Sogn og Fjordane Teater reagerer på forskjellsbehandling i forhold til Monstertruck-show.

Fart, dramatikk og spenning under kontrollerte former i monstertruck-showet.
Foto: Alf Vidar Snæland

Les og debatter: Her mistar Arild førarkortet

Les: Endeleg nei til råneteater

- Eg les i Firda at ei jente såg kjærasten sin på to hjul i dette showet og at sjåførane hadde med seg fire kvinnelege gjester i kvar bil når dei køyrde slik så blir eg jo litt forbausa over at dette er lov. Det er sikker heilt innanfor alle tryggleiksinstruksar som skal til, eg tvilar ikkje på det, men dette er altså lov. Vi skal berre snurre nokre gonger rundt på ein parkeringsplass som ein del av eit teaterstykke, og det er ikkje lov, seier sjef for Sogn og Fjordane Teater, Terje Lyngstad.

Kan gripe inn

Han er mektig provosert over at først politimeisteren i Sogn og Fjordane så Politidirektoratet nektar Sogn og Fjordane å setje opp teaterstykket ”Burn baby, burn” fordi utandørsstykket skal innehalde element som ”burning” og ta for seg rånarmiljøet.

Når politimeisteren i dag varslar at tenestemenn kan kome til å fysisk gripe inn og stogge teaterpremieren, meiner han det same burde gjelde monstertruckshowet som turnerer Sogn og Fjordane i desse dagar.

Politiet kan gripe inn i premieren

- Han burde kanskje vore på festplassen i Førde på 17. mai og grepe inn på det som var på festplassen. Tinga vi skal gjere var ikkje i nærleiken av det eg har forstått vart vist fram der, seier Lyngstad.

Vanskeleg å samanlikne

Politimeister Johan Brekke seier han forstår at det kan opplevast som urettferdig at monstertruck-showet får ei sentral godkjenning til å reise rundt med sitt show, medan teateret må søke det lokale lensmannskontoret om løyve.

- Det som skjedde når det gjeld teaterstykket er at lensmannen såg så mange prinsipielle sider ved denne saka at han sende ho vidare til oss. Det er ei avgjerd eg er heilt samd i. På ein del felt blir det ulik behandling av sakene, men slik blir når vi har den desentraliserte politiordninga med stor lokal råderett som vi har valt å ha her i landet, seier Brekke.

- Vi vurderte det slik at teaterstykket ville bryte med vegtrafikklova slik vi fekk det presentert, og baserte vår avgjerd på det, legg han til.