Hopp til innhold

- Burninga er sjåføren sitt ansvar

- Bergens Tidende har teke på seg ein del av ansvaret, men i utgangspunktet er det ikkje formildande, seier politiet.

BT Måndag 19. mai
Foto: Faksimile frå BT

Les og debatter: Her mistar Arild førarkortet

Les: Dette var dumt, seier BT-redaktøren.

- Bergens Tidende ringte og tok på seg ein del av ansvaret for det som skjedde. Dei hadde oppmoda sjåføren til å ta seg nokre rundar på plassen der, seier politifullmektig Erling Melvær ved Sogn og Fjordane poltikammer.

Opptrinnet han siktar til skjedde på fredag. Samband med ein fotoseanse rundt Sogn og Fjordane si planlagde oppsetjing av stykket ”Burn baby, Burn”.

- I utgangspunktet gjekk det ryddig for seg. Dei stilte opp på parkeringsplassen utanfor Biltema i Førde oppå gamle sladdespor og laga røyk med ei røykmasking, fortel Melvær.

Til ære for fotografen...

Problem vart det først då Bergens Tidende sin fotograf ville ha litt ekstra, og overtalte teateret sin ”rånesjåfør” Arild Reiakvam til å vise fram litt ekte ”burning” på parkeringsplassen. Politiet reagerte umiddelbart ved å beslagleggje Reiakvam sitt førarkort.

- I følgje vegtrafikklova er denne saka enkel og grei. Parkeringsplassar er til og med nemnde i lovteksten som fortel at dei skal sjåast på som ein vanleg veg. Som sagt har Bergens Tidende teke på seg ein del av ansvaret, men det var ikkje dei som køyrde bilen. Prinsippet er at eit lovbrot er eit lovbrot uansett om nokon har bedt deg om å gjere det, seier Melvær.

Uenige over tid

Han avviser likevel ikkje fullstendig at avisa sin appell for den unge bilisten kan ha ein verknad.

- Vi er ikkje ferdige med etterforskinga enno. Først må vi høyre kva alle partar har å seie, seier Melvær.

Episoden fredag kom etter ei lengre usemje mellom Sogn og Fjordane Politikammer og Sogn og Fjordane Teater. Den starta med at politimeister Johan Brekke nekta teateret å setja opp friluftsførestillinga ”Burn baby, burn”. Grunngjevinga var innslaga av ekte ”råning” med bilkøyring politiet karakteriserte som farleg for omgjevnadene.

Les og: Farleg råneteater

Saka vart anka til Politidirektoratet som også vende tommelen ned for ”Burn baby, burn”.

Les og: Endeleg nei til råneteater

Politibetjent på handletur

Fotoseansen fredag skjedde i samband med at teateret kunngjorde at dei kom til å setje opp stykket uansett. Uheldigvis for Reiakvam kom ein politibetjent ut etter ein haldetur på ein butikk i nærleiken akkurat i det han var i ferd med å etterkome Bergens Tidene sitt ynskje om ”burning” på parkeringsplassen.

- Og hugs at dette var midt i rushtida. Akkurat då butikkane var i ferd med å stenge for helga, seier Melvær.