Hopp til innhold

Teateret provoserer motorsporten

Norsk Motorklubb kjenner seg uthengt og undergravd av teatersjef Terje Lyngstad.

Teatersjef Terje Lyngstad, Sogn og Fjordane Teater.

Teatersjef Terje Lyngstad provoserer Norsk Motorklubb.

Foto: Heidi Lise Bakke

Sogn og Fjordane Teater og Terje Lyngstad trassar politiet og vil likevel sette opp stykket "Burn, Baby, Burn".

LES OG DEBATTER: Her mistar Arild førarkortet

Kallar det autoslalåm

Sentralstyremedlem Frode Steen i Norsk Motorklubb jobbar til dagleg med motorsporttryggleiken og er provosert med teatersjefen sine planar om teater og bilsladding.

LES OGSÅ: Endeleg nei til råneteater

- Han lager eit inntrykk av at berre det blir kalla bilsport og autoslalåm, så driter ein i tryggleiken. Eg veit kor seriøst Norges Bilsportforbund tek tryggleiksarbeidet, seier han.

Mektig irritert

- Når han seier at han ikkje bryr seg om kva politiet seier fordi han får løyve frå Norges bilsportforbund, då blir eg mektig irritert, seier Steen.

LES OGSÅ: Farleg råneteater

- For at Terje Lyngstad og teateret skal få eit slikt løyve, så må dei vere tilslutta ein motorklubb i Norges bilsportforbund, held han fram.

Skuffa Lyngstad

Teatersjefen er skuffa over kritikken frå Frode Steen.

- Eg har aldri sagt at tryggleiken til Norsk Bilsportforbund er dårleg på nokon måte, seier han.

Fredag mista Arild Reiakvam førarkortet då han "burna" til ære for ein BT-fotograf i samband med ein omtale av teaterstykket.

LES OGSÅ: BT-redaktøren: - Dette var dumt