26.05.2012

Skogsholm krev godt vedlikehald av

Samferdsleminister Torhild Skogsholm krev at den dyre omorganiseringa av Statens Vegvesen ikkje skal gå utover vedlikehaldet av riksvegane i landet.

Den kostbare og store omorganiseringa til Statens Vegvesen har ført til signal om at vedlikehaldet av riksvegane i Sogn og Fjordane ville bli dårlegare i 2003. Produksjonsavdelinga til Statens vegvesen er skilt ut fra resten av vegvesenet til et eget selskap: Mesta. Men omorganiseringa vart dyrare enn venta, og det har ført til signal om kutt i vedlikehaldet av riksvegane både i Sogn og Fjordane og resten av landet.

Statens Vegvesen mottek i 2003, 5,5 milliardar kroner frå Regjeringa til vedlikehald av riksvegar. Og det meiner Skogsholm er nok. Ho set krav om at dei midlane som er sett av til drift og vedlikehald av vegnettet, skal brukast til dette. Det er viktig fordi folk skal kjenne seg trygge på at pengane vert brukt til det dei skal, seier Skogsholm.

For Sogn og Fjordane har omorganiseringa ført til signal om mindre pengar til asfaltering av riksvegane. Oppstarten av viktige vegprosjekt som riksveg 620 ved Kjødepollen i Selje og anleggsarbeidet på riksveg 5 mellom Førde og Florø skal ha vore i fare. Statens Vegvesen Region Vest har ansvaret for fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Direktør Ole Christian Torpp seier no at vedlikehaldet av riksvegane i fylket vil bli som normalt i 2003. Han hevdar at vedlikehaldet aldri har vore truga.