Hopp til innhold

BT-redaktøren: - Dette var dumt

Bergens Tidende vil ta kontakt med politiet og be om nåde for ung rånar.

BT Måndag 19. mai

Det var då biletet til denne artikkelen skulle takast at politiet greip inn.

Foto: Faksimile frå BT

- Bergens Tidende skal sjølvsagt ikkje oppmode nokon til lovbrot. I den grad vi har hatt ein rolle i dette, og vi då openbart har hatt, så er ikkje det bra. Difor har vi snakka om det i dag og vorte einige om å ta kontakt med politiet, forklare vår rolle og på bakgrunn av det beklage. Vi vil og appellere til at dei behandlar denne ungdommen på mildast moglege måte, seier sjefredaktør i Bergens Tidende, Einar Hålien.

"Burn baby, burn"

Fredag miste den unge rånaren Arild Reiakvam førarkortet etter at han demonstrerte ”burning” utanfor Biltema i Førde på oppfordringa frå Bergens Tidende. Dette hende på eit fotosession i samband med Sogn og Fjordane Teater si oppføring av stykket ”Burn baby, burn”.

- Vi må seie at det er eit delt ansvar i ein slik situasjon. Det er klart vi burde tenkt på at dette ikkje var lovleg og ikkje oppmoda til å demonstrere ”burning” for oss.

Vil snakke med politiet

- Ein av leiarane våre kjem til å ta kontakt med politiet og forklare vår rolle.

- Trur du det nyttar?

- Det veit eg ikkje. Men eg tykkjer det er viktig at politiet blir klar over vår rolle i det slik at dei kan ta det med i betraktningen.

- Kjem de til å ta kontakt med bilføraren og?

- Det har me ikkje snakka om enno, men det kjem me kanskje til å gjere, ja, seier Hålien.

Alvorsprat med fotografen

Fotograf Heidi Hattestein kan nok også vente seg ein telefon frå redaktøren, men har visst ikkje så veldig mykje å frykte.

- Ikkje noko anna enn at vi må ha oss ein alvorsprat. Det er kanskje ikkje heilt innlysande for alle at ei slik handling er lovstridig når det ikkje var til umiddelbar fare for nokon. Det er ikkje noko forsvar for at det vart gjort, men samtidig er det ikkje det mest opplagte lovbrotet ein kan oppmode nokon til.

- Det var dumt, men eg er sikker på at det var tankeløyse og ikkje noko anna som gjorde at det gjekk som det gjekk,