Hopp til innhold

Her mistar Arild førarkortet

Etter oppmoding frå BT-fotografen "burna" Arild Reiakvam. Det kosta han førarkortet.

Arild Reiakvam "råna" til ære for BT - så mista han førarkortet.

Arild Reiakvam 'råna' til ære for BT - så mista han førarkortet.

Foto: Heidi Hattestein, Bergens Tidende / HEIDI HATTESTEIN

Episoden fann stad fredag utanfor Biltema på Brulandsvellene i Førde.

LES OGSÅ: Redaktøren: - Dette var dumt

- Rein tullekøyring

Etter å ha arrangert eit bilete med røykmaskin, lot Reiakvam seg overtale til å "burne" på parkeringsplassen til ære for fotografen. Då dukka ein politibetjent opp og tok førarkortet hans, skriv BT.

LES OGSÅ: Farleg råneteater

- "Burning" vert rekna som trafikkfarleg framferd, og då skal det lite til før at vi tek førarkortet. Dette er rein tullekøyring, og ein skal ikkje tulle med bil, seier politifullmektig Erling Melvær til avisa.

"Burna" på oppdrag

Avisa laga sak på Sogn og Fjordane Teater som mot politiet si vilje vil sette opp teaterstykket "Burn, baby, burn". Politiet vil nekte teateret å sette opp "rånestykket".

LES OGSÅ: Endeleg nei til råneteater

Ironisk nok uttalar teatersjef Terje Lyngstad i avisartikkelen at teaterstykket er "teater, ikkje kriminalitet". Stykke skal etter planen settast opp i Sentrum Sør i Førde våren 2009.

LES OGSÅ: Nei til råne-teater

Reiakvam skal medverke i stykket, saman med sin fleirfaldige hundre hestekrefters Ford Sierra.

Reglar er reglar

Melvær seier politiet vil bruke saka til å påverke kva som skjer med teaterstykket.

LES OGSÅ: - Angrep på ytringsfridommen

- Ja, dersom teatersjefen tek seg til rette i det han har fått avslag på, må vi jo på generelt grunnlag reagere. Det er ikkje slik at einkvar kan avgjere kva reglar som gjelder. Sjølv om han er teatersjef og vil fremje ytringsfridom, seier han

Engasjerer advokat

Teateret har no engasjert advokat som også skal ta saka for Reiakvam. Partane skal i møte med politiet i dag.

- Eg er veldig spent på kva som blir utfallet av det, seier Lyngstad. NRK har vore i kontakt med Reiakvam, men han ynskjer ikkje å uttale seg om saka.