Hopp til innhold

Nytt liv med god hørsel

12 år gamle Ola har fått eit nytt liv med eit eige hørselsimplantat for born.

Ola Noreide
Foto: Privat

- Det har vore heilt fantastisk for guten vår, seier Inger Helene Noreide.

Ho er mor til 12 år gamle Ola, som var heilt døv då han vart fødd.

Store skilnader

Undersøkjingar har vist at det er store skilnader på kor mykje hjelp hørselsopererte får her i landet. I dag karakteriserer Noreide sonen som ein pratmakar.

- Ola likar veldig godt å snakka. Stundom så mykje at me må stoppe han, seier ho stolt.

Hørselsoperasjonane er ei storsatsing frå norske helsemyndigheiter. Eit såkalla cochlea-implantat blir operert inn og sender lyd til hjernen slik at barnet kan utvikle hørsel og tale.

Må jobbast intensivt

For at implantatet skal fungere optimalt slik at borna får hørsel og tale, må det i følgje fagfolk jobbast intensivt og målretta - men fordi hørselshemma born berre får støtte til å lære teiknspråk, får dei ikkje denne faglege hjelpa. Difor er det store variasjonar i landet på kva born med slike implantat får av hjelp.

Best er tilbodet i Trondheim, der borna får over 10 timar hjelp i veka. Førde kommune har gjeve familien Noreide eit tilbod på 2 - 6 timar i veka.

- Dei timane han har fått har vore bra, men dei har vore altfor få. Altfor få, gjentek ho.

- Foreldra må få velgje

For familien Noreide var ikkje tilbodet frå kommunen og skulen godt nok. Dei har brukt mykje tid på å hjelpe Ola, slik at han kunne lære seg å høyre og snakke.

- To til tre timar kvar vekedag har me leksejobbing, fortel ho.

Men Noreide synest ikkje det er rett at borna berre har rett på hjelp dersom dei vel teiknespråk som språk.

- Foreldra bør få velgje om barnet skal lære teiknspråk eller å snakke, og det valet må respekterast, meiner ho.