Hopp til innhold

Omkamp om Strynevassdraget

Kraftkrig frå 80-talet blussar opp att etter vedtak i formannskapet.

Kraftverk
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

- I midt-Norge forsyningsområde har vi ei kraftkrise. Ressursane ligg her, vi har global oppvarming og klimaproblem. Difor meiner formannskapet i Stryn at ei utbygging av strynevassdraget kan vere med å førebyggje problemstillinga med oppvarming og klimaet, seier ordførar i Stryn, Nils Støyva.

Erik Solheim: - Dette er forkasteleg

På 1980-talet var utbygginga av strynevassdraget ei stor sak, også nasjonalt. Men etter ein langvarig dragkamp enda det med at vassdraget vart varig verna. Vonbrotet var enormt i storparten av det politiske miljøet i Stryn.

- Naturinngrep, men ei god miljøsak, seier stortingsrepresentant Erling Sande (Sp).

Prøver igjen

No, nærare 20 år etter vil dei altså ha omkamp. Dette vil mellom anna innebere oppdemming av to vassdrag og at vassføringa i den flotte Stryneelva blir regulert.

Stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet, som sit i Miljø- og energikomiteen, meiner det er for tidleg å seie ja eller nei til utbygging. Men vedgår at han har sans for planane til politikarane i Stryn.

- Etter som eg har forstått vil det vere små naturinngrep, men ei god miljøsak, seier stortingsrepresentanten frå Sogn og Fjordane.