Hopp til innhold

E.coli i drikkevatnet i Jølster

Det er oppdaga e.coli og koliformar i drikkevatnet i Jølster. 1600 personar må koke vatnet.

Jølstravatnet
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Bakteriane vart oppdaga under rutineprøver i dag, og no får abonnentane ved Skei og Vassenden vassverk beskjed om å koke vatn som skal nyttast til mat og drikke.

Mageproblem

Distriktssjef Rune Myklatun ved Mattilsynet, seier det ikkje er tale om den farlege e.coli-bakterien som for få år sidan gjorde mange alvorleg sjuke etter å ha ete spekepølser. Bakteriane som er oppdaga i vatnet kan gje mageproblem.

- Det er påvist nokre få tal tarmbakteriar. Det er ein indikatorbakterie som ein finn i avføring frå varmblodige dyr, fuglar eller folk. Den gjev ikkje sjukdom, men indikerer at det er kome avføring i vatnet og det skal det ikkje vere, seier Myklatun.

Analyser kjem onsdag

Bjørn Anders Steinsund ved drift- og kommunalteknikk i Jølster kommune, kjenner ikkje til at nokon har blitt sjuke av drikkevatnet så langt. Bakteriane vart oppdaga på leidningsnettet ved Langhogane reinseanlegg på Vassenden.

- Det kan vere bakteriar i vatnet, men kan også vere ein feil ved nettet, seier Steinsund. Han kan i dag ikkje svare på korleis det kan ha kome bakteriar i drikkevatnet i Jølster.

- Vi ventar analyser onsdag morgon som skal gje svar på om det er feil på nettet eller om det kan vere rutinefeil, seier Steinsund.

Abonnentane vil få melding om når vatnet er ”friskmeldt” igjen.