Hopp til innhold

Vegvesenet vurderer høgfjella

Statens Vegvesen skal vurdere vinterdrifta av fjellovergangane mellom aust og vest.

Bilistar ventar på å få sleppe over fjellet.

Dette var ikkje noko ukjent fenomen i vinter: bilistar som ventar på å få sleppe over Hemsedalsfjellet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Vegvesenet skipar til seminar om temaet på Voss 1. og 2. september.

Verre enn nokon gong

Seminaret var planlagt allereie før den noko trøblete vintersesongen i år. Statens Vegvesen har aldri opplevd så mykje stengingar som i vinter. Statistikken viser ein klar trend med langt større problem på fjellovergangane. Den siste ti-års perioden viser at Filefjell, Hardangervidda, Aurland-Hol, Hemsedalsfjellet og Strynefjellet har ligge på om lag 696 stengde timar for vinteren. I 2007 var fjellovergangane stengde i til saman 1.822 timar. Tala for den siste vinteren er førebels ikkje klar.

- Men det er verre enn nokon gong. Difor må vi diskutere kva som skal gjerast. Vi kan ikkje ha det slik, seier Ellevset.

- Kan ikkje ha det slik

Stengde fjellovergangar

Fjellovergang

1995-2004

2007

Filefjell

6 timar

22 timar

Hardangervidda

300 timar

800 timar

Aurland - Hol

300 timar

800 timar

Hemsedalsfjellet

30 timar

80 timar

Strynefjellet

60 timar

120 timar

Totalt

696 timar

1.822 timar

Tal timar med stengde fjellovergangar mellom aust og vest. Kjelde: Statens Vegvesen.

- Det er viktig at vi finn akseptable løysingar for dei som brukar fjellovergangane. Det er også viktig at vi tenkjer breitt og at vi har samfunnsmessige behov i sikte når vi skal finne konstruktive løysingar for å sikre forutsigbare fjellovergangar, held Ellevset fram.

Skuldar på dårleg ver

Næringsliv, entreprenørar, lokalsamfunn og forskingsmiljø vert inviterte til seminaret i haust. Vegvesenet inviterer har invitert konsulent- og forskingsmiljø til å skaffe til veges gode data og analysar om samfunnsøkonomiske konsekvensar av stengde fjellovergangar.

Vegvesenet vonar å få kartlagt kva stengde fjellovergangar kostar samfunnet, kva konsekvensar har det for næringsutvikling, transportøkonomi og regional utvikling.

Skal vurdere behov

- I vinter meiner vi at det rett og slett var dårleg ver på fjellet. Det er marginalt det vi kunne gjort betre, men vi fryktar at slike vintrar blir meir og meir vanleg, seier Ellevset. Seminaret tek føre seg langsiktige og kortsiktige tiltak for å betre på tryggleiken for dei reisande over fjella i Sør Norge.

Eit tiltak kan vere å prioritere vedlikehald av enkelte fjellovergangar, føre andre. Ellevset vonar at ein allereie til neste vinter kan sjå fruktene av seminaret.