Hopp til innhold

Lange ferjekøar

Passasjerar som skal frå Lavik til Oppedal i kveld, må førebu seg på ei ventetid på omlag ein time før dei kjem seg over.

Bilferja Gloppen.
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det vil seie at trafikkavviklinga er i ferd med å betre seg.

- I ettermiddag har folk venta både to og tre timar før dei har kome seg frå kai til kai, seier Geir Ove Øksnes.

Han er skipsførar på M/F Gloppen.

Alle kjem over

- Vi hadde ikkje venta noko anna i dag. Etter langhelg og høgtid for konfirmasjonar blir det alltid litt venting ved ferjekaiene, fortel driftsleiar Oscar Bergheim i Fjord 1 Fylkesbaatane.

Han forsikrar om at alle ferjer vil gå så lenge det er folk som skal over.

- Det er ingen som treng å vere redd for å ikkje kome med, seier Bergheim.

Ingen sure miner

Sjølv om ventetida har vore lang for mange, har det vore få klager, fortel skipsførar Øksnes.

- Med det vêret vi har hatt i dag, har det vel vore ein fryd å vente.