Hopp til innhold

Pris til Skald Forlag

Godnattboka på Skald Forlag på Leikanger er tildelt Nynorsk barnelitterturpris for 2007.

Prisen er på 15.000 kroner og vart delt ut under årsmøtet i Noregs Mållag i fredag.

22 forteljingar

- Skald forlag har med denne utgjevinga laga ei flott bruksbok til glede og nytte for både vaksne og born i fleire aldrar. Boka inneheld 22 nyskrivne forteljingar, og forlaget har fått både etablerte forfattarar og debutantar til å skrive. Resultatet er eit overflødigheitshorn av variantar over godnatt-historia, med både pedagogiske, poetiske, kreative og beintfram nifse løysingar på oppgåva, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga.

Rosar illustrasjonane

-Ei anna som fortener særskilt ros, er Gunvor Rasmussen, som har laga illustrasjonane. Det er ei stor utfordring å illustrere eit så omfattande og variert innhald som dette, men Rasmusen har løyst det på beste vis. Den særeigne, uttrykksfulle og ofte pussige streken hennar treff heile vegen tona i forteljingane, og bind boka fint saman, seier Eirik Vassenden i jurien.