Hopp til innhold

- Astrupsenter kan ligge på Ålhus

- Besøkssenteret som er planlagt på Astruptunet kan byggast på Ålhus. Det meiner Lidvin Olsland, tidlegare fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane.

Lidvin M. Osland
Foto: NRK

Han meiner Ålhus har potensiale til å bli kulturhovudstaden i Jølster.

- Ålhus har ei spesiell historie knytta til Astrup, og til Audun Hugleikson og borga som det finst restar av. I tillegg har Ålhus eit spanande galleri, seier han.

Sårbart område

Dragkampen om kvar det nye besøkssenteret etter den kjende Jølster-kunstnaren Nikolai Astrup skal liggje er på ingen måte over. Eit klart fleirtal i Jølster kommunestyre har så langt gått inn for å leggje det nye besøkssenteret til sjølve Astruptunet. Men rasfare i tunet, og at det må etablerast ein omfattande rasvoll, gjer at fylkeskultursjefen har vendt tommelen ned. Ho meiner rasvollen vil føre til eit ubødeleg inngrep i kulturlandskapet, og har lagt inn motsegn.

Osland meiner Astruptunet vil misse mykje av den autentiske verdien dersom det blir gjort naturinngrep der

- Dette er eit veldig sårbart område. Det er lite som skal til for å øydeleggje det, seier han.

- Viktig å sjå atelieret

Ottar Grepstad, jølstring og direktør ved Nynorsk Kultursentrum i Ørsta, meiner derimot at besøkssenteret bør plasserast i sjølve Astruptunet.

- Eg trur dette er den beste løysinga. Alt det autentiske rundt Astrup si skapande verksemd er på Astruptunet. Å sjå atelieret hans er det viktigaste for gjester som passerer Jølster, seier han.