Hopp til innhold

Stryn sommarski gir etter

Opnar likevel bretrekket etter massivt press.

Stryn sommarskisenter.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det vart baluba då styreleiar Håvard Skibenes 2. april fortalde at Stryn sommarskisenter ville leggja ned bretrekket. Både reiselivsnæringa, lokale politikar og den jamne stryning reagerte sterkt.

Direktør Richard Grov ved Hotel Alexandra sa det var trist, medan Jens Kristian Skrede i Reisemål Stryn og Nordfjord karakteriserte det som tragisk.

Fekk protestgruppe på Facebook

På Facebook vart det oppretta ei gruppe kalla "Vi som er imot et Stryn Sommerskisenter UTEN breheisen!!!!". Den fekk over 2000 medlemmer.

- Me innsåg til slutt at me berre måtte gi etter for presset, seier Håvard Skibenes til NRK Sogn og Fjordane.

I pressemeldinga skriv han at etter alle dei negative reaksjonane har dei hatt møte med Stryn kommune og bankforbindingane for å diskutera saka.

Gir etter for massivt press

- Det er i grunn etter massivt press etter kundane våre, og frå lokale reiselivsaktørar. Og så er det gruppa på Facebook, forklarar Skibenes.

Den lokale turistnæringa gjekk til dels hardt ut mot nedleggjingsplanane. Det forstår Skibenes godt.

- Som eigarar har me eit stort ansvar fordi me veit at drifta er komplisert og vanskeleg. Me er interesserte i å finna langsiktige løysingar som vil medverka til god lønsemd og heilheitlege kundeopplevingar for alle som vitjar Stryn, Skjåk, Lom, Geiranger og Ålesund, skriv han i pressemeldinga.