Hopp til innhold

Jubel for Selje-siger

-Eg er utruleg imponert over det vi gjorde i dag. Det var ein prikkfri kamp, seier Selje-trenar Idar Taklo. Men for Fjøra var dagen heilsvart.

Laget vann 4-2 over Fjøra på heimebane i Selje.

- Vi tok leiinga og så fekk Fjøra ei billeg straffe som dei utlikna på. I 2. omgang køyrde vi på og produserte masse flotte angrep og hadde mange gode avslutningar.

47-åring på bana

Trenaren framhevar heile laget, men seier at det var mange flotte enkeltprestasjonar.

- Roar Hamre som er 47 år kjem inn på banen og bankar ballen i mål, det er heilt rått.

Fire brødre

I startoppstillinga i dag var det fire brødre. To av dei skåra tre av måla.

- Brødrene Andrè, Endre, Werner og Ken Olav Kupen starta alle i dag, og eg er glad for å ha dei på same lag.

Men trenaren seier han merka på spelarane at dette var første kamp i 3. divisjon.

- Det var masse nervar i første omgang og det låg tjukt utanpå spelarane. Det var nerve i kampen frå start til mål. Men vi viste ein arbeidsmoral og ein innsats som er heilt sinnsjuk. Vi "gutsa" på frå første stund og vann fortent.

- Dømde nord og ned

Det nyopprykka laget er av mange førehandsdømde til å rykke ned til 4. divisjon igjen.

- Eg har fått med meg at vi er dømde nord og ned, men kva andre folk meiner er heilt uvesentleg. Eg veit kva vi står for og kva vi er gode til, seier han.

- Ein heilsvart dag

Fjæra-trenar Jan Rune Årøy er svært skuffa over kampen i dag.

- Dette var heilsvart. Vi trudde vi var godt budde før kampen, men vi hadde ikkje dagen. Det var lite som fungerte, og når vi slepp inn fire mål så vinn vi ikkje fotballkampar.

- Vart du overraska over Selje?

- Nei, i utgangspunktet ikkje.

Les også: Målrikt i første runde

Målskårarar vart:

  • 6. minutt: 1 - 0 ved André Kupen
  • 12. minutt: 1 - 1 straffe ved Frode Kvåle
  • 57. minutt: 2 - 1 ved Endre Kupen
  • 70. minutt: 3 - 1 ved Endre Kupen
  • 73. minutt: 3 - 2 ved Arild Underdal
  • 90. minutt: 4 - 2 ved Roger Hamre, fantastisk mål, dribla to mann og klinka i krysset.