Hopp til innhold

Klart for sjukehuskamp i AP

I morgon skal Arbeidarpartiet diskutera kva dei skal meina om sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

- Eg vil nødig konkludera her i media på kva som blir resultatet, men folk er opptekne av dette og eg forventar at det blir eit engasjement utifrå dei innspela, seier partisekretær Eirik Aarek.

Fleire innspel

Sogn og Fjordane Arbeidarparti har fått innspel frå kring halvparten av lokallaga framfor representantskapmøtet i morgon.

Der skal omlag 75 utsendingar formulere fylkespartiet sitt syn på sjukehus og helse. Sentralsjukehuset kontra lokalsjukehus, samt fødetilbodet i Lærdal og Nordfjordeid er nokre av tema som skal takast opp

Blir dei einige

Spørsmålet i morgon vert om Sogn og Fjordane AP blir einige med ein gong eller om dei må gå ein ny runde.

- Eg trur at heile representantskapet vil vera einig på visse punkt, medan det på andre punkt kan bli avstemning. Dette med bakgrunn i at det er eit høgt engasjement rundt ein del spørsmål seier Aarek.