10.02.2012

Reiselivet kjempar for heilårsveg

Storehaugtunnelen i Vik (Foto: Ottar Starheim/NRK)

Ein lang tunnel gjennom Vikafjellet kan gi turistvekst både i Sogn og på Voss.

I Myrkdalen i Voss kommune er det planar om å byggje eitt av Norges største alpinanlegg med 15000 gjester kvar dag. Ein tunnel gjennom Vikafjellet ville skape positive ringverknader på begge sider av fylkesgrensa, meiner dagleg leiar i Voss fjellandsby, Nils Akselberg:

Vestlandets Hemsedal

- Me har allereie gjester frå Sogn. Ein heilårsveg vil gjere den marknaden endå meir interessant, og eg vil tru me blir meir attraktive for sogningane.

Akselberg har handfaste planar om å gjere Myrkdalen om til Vestlandets Hemsedal. Dei neste åra skal han investera 800 millionar kroner i det som vil bli eitt av Norges største alpinanlegg. Med ein tunnel som erstattar den verharde og hyppig stengde vikafjellsvegen vil køyreturen til Vik ta 20 minuttar og til Balestrand ein god time.

- Både Sogn og Voss blir vinnarar

Hotelldirektør Sigurd Kvikne ved Kviknes Hotell meiner ein heilårsveg vil skape ein vinn-vinn-situasjon.

- Reiselivet i Midtre Sogn vil kunne nytte det store alpinanlegget som ein aktivitet for sine gjester om vinteren. Vintersesongen er krevjande for mange hotell i Sogn. Ein heilårsveg og ein kort biltur til Myrkdalen vil kunne lokke langt fleire skituristar både frå inn- og utland, seier Kvikne.

Vik merkar allereie resultat

Voss fjellandsby har i dag 2500 gjester på gode dagar. Om få år skal alpinanlegget få 11 skiheisar med eit omfattande løypenett skal kunne ta hand om 15000 gjester kvar dag. I Vik byrjar dei allereie å sjå resultat av skituristane som strøymer til Myrkdalen, fortel hotelldirektør Carl Andre Riiber ved Hopstock Hotell:

- Fleire hytteeigarar i Myrkdalen har tinga seg båtplass på Vangsnes og er med det byrja å etablere seg på sommarstid i Vik. Ein heilsårsveg vil difor innebere eit stort løft for både reise- og næringsliv.

Lang kamp

I over 30 år vikjene kjempa for ein heilårsveg. Dei ønskjer ein lang tunnel gjennom Vikafjellet som vil kosta vel 1 milliard kroner. Det er Fylkestinget som bestemmer kva vegar som skal byggjast i Sogn og Fjordane i perioden 2010 til 2019. Dette vedtaket blir fatta i juni eller oktober 2009. Leiar i samferdsleutvalet, Knut M. Olsen frå Senterpartiet, vil i dag ikkje ta stilling til å om han vil gje ein heilårsveg over Vikafjellet høgare rang framfor andre vegprosjekt i fylket.