Hopp til innhold

Alle må sjekke bremsene årleg

Statens Vegvesen innfører obligatorisk bremsekontroll av alle personbilar.

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

Foto: Knut Fjeldstad/NTB / Scanpix

Årsaka til dette er den rekordhøge mengda av salt på vegane som gjer slitasjen på bremsene uvanleg stor.

- Vanlege EU kontrollar er annankvart år, men vinteren er kvart år. Bremsene blir dårlegare i løpet av vinteren med belegg og asfaltrestar som legg seg der, seier Per Bergheim som er seksjonsleiar i Statens Vegvesen.

- Kjem snikande

Morten Lundh som er verkstadmeister ved Førde Bilservice i Førde seier sviktande bremser er eit problem som kjem snikande.

- Det kjem gradvis og du merker det ikkje som brukar. Men den dagen du skal ha full stopp så har du eit problem. Då har du ikkje full effekt på bremsene, seier Lundh.

Færre ulukker

Lundh er kritisk til saltbruken på vegane, men helsar tiltaket frå Statens Vegvesen velkommen for å auke tryggleiken til bilistane. Han trur obligatorisk bremsesjekk vil føre til færre ulukker.

Sjølv kontrollerer Lundh bremsene kvar gang han skiftar dekk.

Frist til mai

Vegvesenet innfører den obligatoriske vårkontrollen av bremsene på alle personbilar frå i år. Det betyr ein svært kort frist for bilistane til å få på plass dei nødvendige papira.

- I løpet av mai månad må den vere utført og bileigar må vise dokument på at slik kontroll er utført ein slik kontroll på trafikkstasjon eller godkjent verkstad, seier Bergheim.