Hopp til innhold

Sacco-sekken til Innvik

Alle Sacco-sekkar skal no produserast i Innvik i Stryn.

Sacco-sekk

Slike sacco-sekkar kjem til å bli produsert i Innvik i Stryn om kort tid.

Det er klart etter at Ekornes har selt seg ut.

Alle i Norden

Det er ikkje berre alle sacco-sekkar som vert selde i Noreg som kjem til å bli produserte i Innvik. Faktisk alle som skal seljast i heile Norden kjem til å bli produserte der frå 16. mai. Det blei klart etter at SACCO of Norway AS har overtatt merkevara. Dei skal no fornye sacco-sekken.

- Vi kjem til å tilpasse sacco-sekken dei trendane og den designen som finst i markedet i dag, seier dagleg leiar i SACCO of Norway, Bjørn Aage Haugen, som sjølv kjem frå Innvik.

50 000 er målet

Innan 2010 er målet deira å produsere mellom 30 000 og 50 000 sacco-sekkar i året.

- I år blir litt spesielt sidan vi berre produserer frå 16. mai, men vi er optimistiske om at vi skal klare mellom 30 000 til 50 000 innan nokre få år, seier Haugen.

Selskapet har i dag ein omsetnad på 10 millionar kroner.