Hopp til innhold

Kvinne døydde i campingvognbrann

Ei kvinne i sekstiåra mista livet då ei campingvogn brann ned i natt. Ektemannen ligg på sjukehus.

Det var lite att av campingvogna som brann.

Det var lite att av campingvogna som brann.

Foto: Øystein Torheim

LES OGSÅ: Kjempa forgjeves mot flammane

Politiet fekk melding brannen på Grodås Camping i Hornindal klokka 04.22 natt til laurdag.

SJÅ: Omkom i campingbrann

Ektemannen send til sjukehus

Eit ektepar i sekstiåra frå Sunnmøre budde i vogna. Ifølgje politiet vakna dei truleg av røykvarslaren, men berre mannen kom seg ut.

- Den andre personen ligg til observasjon på Nordfjord Sjukehus på Nordfjordeid med lettare skader, opplyser informasjonssjef Vidar Vie i Helse Førde. Det var andre personar på staden som varsla brannen.

Ukjent brannårsak

- Førebels er brannårsaka ukjent. Det er lite igjen av campingvogna, seier operasjonsleiar Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet vil bruke dagen til å undersøke den utbrende campingvogna.

Prega av ulukka

Dagleg leiar Rolf Kobberstad ved Grodås Camping er prega av ulukka.

- Det er forferdeleg trist. Grusamt trist. Så mykje meir å seie er det ikkje. Eg veit ikkje kva brannårsaka kan vere. Vogna og spikerteltet er omtrent nedbrunne. Så alt er stort sett vekke, seier han.

- Korleis er stemninga blant dei andre bebuarane?

- Nei, den er sjølvsagt ikkje noko særleg, fortel Kobberstad.

Nedbrent campingvogn på campingplass.

Politiet har sperra av åstaden på Grodås Camping.

Foto: Øystein Torheim