Hopp til innhold

Flora gav ulovleg tilskot

Florø bystyre sitt vedtak om å løyve fem millionar kroner til idrettssenteret var ulovleg.

Florø Idrettssenter
Foto: Ottar Starheim / NRK

LES OGSÅ: Granskar tilskot til idrettssenter

Fylkesmannen har oppheva vedtaket.

Ulovleg bruk av pengar

Det var bystyrerepresentantane Bente Halvorsen (SV), Audun Hammerseth (Frp) og varaordførar Elisabeth Normann (V) som bad Fylkesmannen om å vurdere tilskotet.

- Fylkesmannen har konkludert med at Flora bystyre sitt vedtak om å nytte 5 millionar kroner av forventa ekstraordinært utbyte frå SFE som tilskot til Flora Idrettssenter AS var ulovleg, skriv Fylkesmannen på sine sider.

- Har nok å bruke pengane på

Ordførar Bente Frøyen Steindal er ikkje tilgjengeleg for kommentarar til saka. Varaordførar Normann er derimot glad for fylkesmannen sitt vedtak.

- No kan vi legge desse ekstra millionane inn i budsjettet. Vi meiner vi bør prioritere lovpålagde oppgåver og å betale ned gjeld, seier Normann. Ho kan ikkje svare på kva konsekvensar vedtaket får for finansieringa av idrettssenteret, men vedgår at det ligg i korta at det blir vanskeleg å få økonomien på plass på senteret.

- Har is i magen

Styreleiar i Florø idrettssenter, Trond Hansen, vil ikkje spekulere i kva konsekvensar om tilskotet må trekkast attende.

- Det eg kan seie er at saka ikkje er ferdig. Når inntektene frå SFE vert bokført i kommunen, så kjem saka opp på nytt. Det er slik eg tolkar vedtaket. Så vi har is i magen og vil sove godt dei neste vekene, seier Hansen.

Godkjent budsjett

Flora står i ROBEK-registerert og er dermed lagt under statleg godkjenning og kontroll. Fylkesmannen meiner at kommunen heller bør nytte framtidige inntekter frå til dømes utbyte til nedbetaling av underskot og disponible midlar.

- Kommunen har stramt budsjett og må omprioritere og saldere for nær 50 millionar. Dei har svært høg lånegjeld, ingen frie reservar og store problem med balanse i økonomiplanperioden, seier fylkesmann Oddvar Flæte.