Hopp til innhold

Mjølkebaren riven

Den tradisjonsrike kafeen Mjølkebaren i Førde er no jamna med jorda.

Mjølkebaren i Førde

Tysdag ettermiddag forsvann siste rest av den tradisjonsrike Mjølkebaren i Førde.

Foto: Gustav Skaar

I går kveld vart dei siste veggane  av Mjølkebaren rivne. Men framleis held rivinga av det gamle meieriet fram. Bygget under bakken vert rive fram mot sommaren.

Til hausten

Etter sommaren tek bygningsarbeidarane til med å reise dei nye bygga som skal stå på Meieritomta.

- Det skal reisast tre bygg på totalt omlag 10 000 kvadratmeter. Det seier Otto Wiger. Han er styreformann i Futurum, investorgruppa som eig tomta.

Juli 2010

Det første bygget skal stå ferdig i juli 2010. Dei tre bygga skal mellom anna huse Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Lotteri- og stiftelsestilsynet, kulturetaten, NAV og likningsetaten. I tillegg skal det vere leilegheiter og butikkar i husa.

- Berre å byggje det første bygget, det såkalla SEIF-bygget, vil koste ein stad melllom 120-150 millionar kroner, seier Wiger.

Institusjon

Mjølkebaren har vore ein institusjon i Førde i fleire tiår, med sine bestemorslamper, laminatbord og bedehusstolar. Kafeen var fast samlingsplass for alt frå bønder til næringslivsfolk.