Hopp til innhold

Ampert om kvinnemarkering

Amper debatt om kvinnearrangement 8. mars.

Randi Førsund og Anne Mette Hjelle.

Randi Førsund og Anne Mette Hjelle i amper debatt om 8. mars-markering.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kulturentreprenør Randi Førsund og gründer og medierådgjevar Anne Mette Hjelle tok eit allereie oppvarma tema til nye høgder i ettermiddagssendinga tysdag.

LES OGSÅ: Jentetreff skaper harme

- Du kastar kosten rundt deg i hytt og gevær. Det meiner eg. Du minner meg om ein unge. Når dei får noko langt nok så svingar dei det rundt i lufta, så rammar det i hytt og gevær - heilt tilfeldig, rasa Hjelle i debatten.

- Nedlatande

Debatten stod om Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som 8. mars lokkar til lukka jentetreff med kvinneleg gründer, lokale moteklede, og mulighet til å vinne bli-ny-dag med spa, frisør, sminke og nytt antrekk. Gjennom avisa Firda skildra Førsund arrangement som Jenteklubben Grei.

- Det er nedlatande, svara Hjelle i ein særs amper debatt i ettermiddagssendinga.

Flatland avviser kritikk

I debatten kom Førsund også med flengande kritikk mot direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland. Ho kjenner seg mobba av Innovasjon Norge i samband med søknadar til eit filmprosjekt. Flatland avviser kritikken.

- Det var til dels sterk kritikk. Om det er rett eller ikkje, vil ikkje eg bedømme, men eg tykte kritikken var i sterkaste laget. Ho nytta personskildringar som eg ikkje kjenner meg att i, seier han.

HØYR HEILE DEBATTEN