Hopp til innhold

Kraftline kan dra ut i tid

Den etterlengta kraftlina som skal forsyne planlagd industri på Lutelandet, kan dra ut i tid.

Lutelandet-plan

Planane for Lutelandet

Illustrasjon: Multikonsult AS

For det har strøymd inn merknader til kraftlina mellom Lutelandet og Grov, framfor NVE sin høyringsfrist komande fredag. Det kan i verste fall bety utsetjing av konsesjonsavgjerda i fleire månader, fortel senioringeniør i NVE, Randi Tornås.

- No skal vi sjå grundig gjennom innspela vi har fått, og sjå om vi treng tilleggsutgreiingar frå SFE-nett, seier ho.

Kanskje endå ei høyring

NVE må eventuelt sende nytt materiale ut på endå ei høyring.

Dermed vil ei avklaring om endeleg konsesjonsvedtak for kraftlina Lutelandet - Grov late vente på seg, kanskje til over sommaren. Det likar leiar i Lutelandet Utvikling, Stein Arne Ottesen, dårleg.

- Det kan bli eit problem dersom det er merknader som krev nye trasear utgreidd, seier han

Mange puslebitar

Men framtida til industrisatsinga Lutelandet er avhengig av mykje meir enn konsesjonen på denne kraftlina.

For NVE skal i løpet av kort tid avgjere om dei likevel vil late Gjøa få straum frå Lutelandet, i staden for at StatoilHydro får forsyne Gjøafeltet med straum frå Mongstad, slik konsesjonen no seier.

Då vil det også komme ei avgjerd om konsesjon til kraftlina mellom Lutelandet og Hålandsfossen, som er avgjerande for om ein i det heile tatt skal kunne tilby kraft til Gjøa herifrå.

Difor har Ottesen mange puslebitar som må på plass den neste tida, dersom Sogn og Fjordane skal bli eit del av olje-biletet.

- Få på plass infrastruktur er viktig, og å få på plass straumlina er det viktigaste i fyrste omgang, seier han.