Bosset flyt i Gudvangen

Sist søndag fekk turistar i Gudvangen sjå vikinggarden ved fjordtellet flyte over av ølboksar og matrestar.
Publisert 31.05.2006 13:27.
- Skriv ut
Vossingen Arnstein Karlsen var på besøk i bygda for å ta nokre naturbilete. Han var rett og slett skjemd over synet som møtte han.

- Det såg ikkje ut i det heile teke. Vi fann tomme ølboksar, spritflasker og matrestar, fortel Karlsen.
Sende brev til kommunen
Han synest Gudvangen og Nærøyfjorden er ei naturperle av dei sjeldne. Men då han søndag kveld tok turen for fotografere både fjell, fjord og vikingar vart han skuffa. I eit brev til Aurland kommune skriv han følgande: "Blei ganska skuffa over tilstanden i Vikinge-leiren borte ved hotellet. Dei såg litt undrande ut japanarane òg, som gjekk å lurte på kva detta var for noko..... Sender vedlagt 6 bilder. Eit av dei meinar eg er kjempebra. Resten er nok ikkje det eg ville vist turistane eller Dronninga som snart kjem på besøk."
Dronninga kjem nok berre til Bakka, litt lenger ute i fjorden. Likevel håpar Karlsen at nokon ryddar opp i rotet før fleire besøkande får sjå svinestien.

Personalfest
Det er to Viking-leirar i Gudvangen. Ein på kommunen sitt område og ein på eigedomen til Gudvangen Fjordtell. Og det er den sistnemnde leiren Karlsen har teke bilete frå. No lovar eigar av Fjordtellet, Jens Dahn, å ta affere.
- Det er berre å beklage, slik skal ikkje Gudvangen framstillast. Det var ein personalfest som utvikla seg med fleire besøkande. Slikt skal ikkje, og dei ansvarlege har bede om orsaking, seier han.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket