21.11.2009

Statsråden fekk refs i Førde

Martin Melander (t.h.) helsar på kunnskapsminister Bård Vegar Solhjel. (Foto: Heidi Lise Bakke/NRK)

Martin Melander (t.h.) helsar på kunnskapsminister Bård Vegar Solhjel.

Foto: Heidi Lise Bakke/NRK

Alle gode ting er ikkje alltid tre. For heller ikkje i dag klarte kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell å klare opp om gratisprinsippet.

SJÅ STATSRÅDEN FÅ KJEFT

Snarare tvert i mot i følgje elevrådsleiar Martin Melander ved Hafstad vidaregåande skule.

- Han latterleggjorde problemet. Korleis skal vi planlegge turane? Korleis skal vi finansiere turane, undrar han.

SEI DI MEINING

- Såg ned på oss

Elevane håpa på ei avklaring etter at ministeren sette ein stoggar for fleire skuleturar i år. Det skjedde ikkje. Melander meiner ministeren ikkje tar problemet på alvor.

- Det verka som om han såg litt ned på oss fordi vi er elevar og at han liksom veit betre. Det ser ut som om skulen skal vere gratis, men at vi skal betale for å gjere den gratis, seier elevrådsleiaren. Dette orsakar ministeren.

Kan betale, men...

Kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell (Foto: Heidi Lise Bakke./NRK)

- Elevane skal ikkje betale så mykje ein gang, stadfestar kunnskapsministeren.

Foto: Heidi Lise Bakke./NRK

Stortinget vedtok i fjor at vidaregåande opplæring skal vere gratis. Spørsmålet då er om elevane har lov til å betale skuleturar av eiga lommebok, eller ikkje. Tidlegare denne månaden prøvde kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell å rydde opp, ved å seie at ein kan betale for skuletur dersom det er frivillig. Det vart med forsøket.

LES OGSÅ: Solhjell forvirrar skuleverket

For sjølv om ingen kan tvingast til å betale for skuleturar, skal alle elvane få vere med.

- Gratis for alle

Skal då rike elevar betale for dei som har mindre pengar, undra elevar, lærarar og skuleleiinga i Førde. Refrenget var det same: Skuleturar skal vere gratis og alle skal vere med.

- Det betyr at det må vere frivillige gaver, kronerulling, dugnad, innsamlingar og så vidare. Dersom ein arrangerer skuletur, må alle som går i klassen få vere med, seier han.

Nynorsk mediesenter
Lutt

Siste: Sogn og Fjordane

Biletgalleri frå Sogn og Fjordane

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK