26.05.2012

Sunnfjordingar på judo-landslaget

Judo (Foto: BORIS HORVAT/AFP)

Illustrasjonsfoto

Foto: BORIS HORVAT/AFP

Øystein Garfors og Kristoffer Åmot kvalifiserte seg i helga til plass på det norske landslaget i  judo.

Sunnfjordingane får den internasjonale debuten under Europameisterskapen på Malta seinare i vår, og er første frå fylket som er kvalifisert til den europeiske judo-meisterskapen.

- Vi er vel dei første som er med der, så det er ei stor ære.

Internasjonalt nivå

Dei to fekk plass på det norske Katalandslaget under uttakstemnet til Norges Judoforbund i Oslo i helga.

- Det vert kravd internasjonalt nivå for å få plass i den norske landslagstroppen, seier Kristoffer Åmot.

Ventar ikkje topp-plassering

Rosalie Evans i Norges Judoforbund seier at dei to utøvarane frå Førde Judoklubb har gjort ein god jobb. Han ventar likevel ikkje ventar topp-plassering under EM på Malta i mai.

- Det er veldig skarp konkurranse, mange har halde på i 20-30 år.

I eit mønster

Og sjølv om EM blir den internasjonale debuten for parhestane Kristoffer Åmot og Øystein Garfors er det på ingen måte nybyrjarar som reiser til Malta.

- Vi har halde på med judo i 16-20 år. Det er først dei siste par åra vi verkeleg har satsa på kata. 

- Kva er skilnaden på kata og kampsporten judo?

- Kata skal gå visst mønster, det er visse ting som skal skje.

Dei gler seg til å representere Norge.

- Vi skal fremje sporten og bli enno betre.