26.05.2012

Har tjuedobla prisen for laksefiske

Laksefiske (Foto: Yngve Tørrestad/NRK)

I 2006 kosta den attraktive fiskesona 250 kroner i døgnet. I dag tek Fretheim Hotel opptil 5.000 kroner.

Hotellet har teke over ein del av rettane i elva. Det har auka prisen for eit strekk med over 2.000 prosent.

SEI DI MEINING: Kva meiner du om framleige?

Mangedobling

I 1996 betalte laksefiskarane 250 kroner døgnet for ei attraktiv sone i Flåmselvi. Etter at hotellet tok over rettane, er dette strekket delt opp i tre soner med ein samla prislapp på 5.225 kroner døgnet i høgsesongen.

- Dette er det ekstreme eksempelet, men det er eit faktum at prisane er mangedobla, stadfestar sportsfiskar og BS-medlem Karl Kristian Bjarto ovanfor avisa.

Uroa over utviklinga

Bjarto har teke opp saka med både hotellet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for Naturforvaltning. Utan hell. Bjarto meiner at direktoratet endrar lovteksten om framleige av fiskerettar, slik at fylkesmannen kan gripe inn i tilfelle der framleige råkar allmenta sine rettar urimeleg.

Svein Arne Forfod, styremedlem og fagleiar i Norges Jeger og Fiskeforbund er heller ikkje nøgd med utviklinga. Han fryktar at laksefiske i vestnorske elvar blir meir og meir ein hobby for dei rike og mektige.

- Elva er ikkje stengd

Dagleg leiar ved Fretheim Hotell, Birgitta Sandström, avviser at dei er ute etter å skvise vekk fiskarar. Ho presiserer at hotellet berre disponerer ein del av elva og at det lenger oppe og nede er mogleg å leige via andre elveeigarar.

- Det er ikkje berre for dei mest velståande. Men når fiskeentusiastane først er her, så brukar dei ein del pengar, seier ho til BT.

235.000 for ei veke

Dyraste pakken for gjestar er fritt bruk av elva i ei veke for 139.855 kroner, inkludert hotell, måltid og guide. Sandström seier til avisa at dei har grupper som har nytta seg av dette tilbodet.

- Kommande sesong har vi eksempelvis ei gruppe på seks som kjem, seier ho til avisa. Fiskeveke for seks personar kostar i følgje BT 38.985 kroner per person - totalt 233.910 kroner.