26.05.2012

Balholm treng pengar

Åge Eithungjerde. (Foto: Arne Eithun/NRK)

Åge Eithungjerde, dagleg leiar i Balholm mosteri, seier dei treng meir pengar om selskapet skal overleve.

Foto: Arne Eithun/NRK

Balholm mosteri i Balestrand treng ny kapital for å starte oppatt produksjonen til hausten.

Balholm. (Foto: Arne Eithun/NRK)

Sjølv om verksemda har dobla salet sitt i år, må den likevel vende seg til hovudaksjonær Lerum for å henta ut meir pengar.

- Om det ikkje går kan vi ikkje produsera eplemost i haust, seier dagleg leiar Åge Eithungjerde.

Nye flasker gjev større sal

På Balholm trudde dei at dei var berga med avtalen dei fekk med Lerum for eit par år sidan. Lerum gjekk inn som hovudaksjonær i selskapet og skulle også distribuere varene til daglegvarehandelen, men så enkelt var det ikkje.

Produktet er stort sett det same, men nye flasker i klart glas og meir målbevisst marknadsføring har dobla salet til Balholm denne våren. Spørsmålet er berre om det er nok til at det einaste mosteriet i Sogn og Fjordane skal overleva. Dei siste åra har tært hardt på aksjekapitalen til mosteriet som berre har gått i overskot eitt av dei ti åra det har eksistert.

- Skal det bli drift til hausten også må meir kapital inn, seier Eithungjerde.

Avhengige av Lerum

Dermed heng det meste på Lerum no. Men administrerande direktør Jan Petter Vadheim seier dei ikkje har bestemt seg. Balholm må selje meir enn dei har gjort dei siste åra for å kunne oveleve slik som dei no er organiserte.

-Men de gjev dei ein sjanse til?

- Ja, vi synest det er spanande med den nye flaska, og spessielt om dei no kjem med økologiske produkt, noko det er etterspurnad etter, seier Vadheim.