Solhjell forvirrar skuleverket

Bård Vegar Solhjell
Foto: Heiko Junge/ScanpixGratis skuleturar i den vidaregåande skulen skapar stor frustrasjon blant fylkesutdanningssjefane.
Publisert 18.02.2008 11:04.
- Skriv ut
I utgangspunktet skal all opplæring i vidaregåande skular vere gratis. Uvissa er knytt til om dette også gjeld skuleturar.
Gjorde det verre
Frustrasjonen hjå utdanningssjefane vart ikkje mindre etter at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell prøvde å klare opp i prinsippet. Statsråden sa då at ein obligatorisk eigendel er i strid med lova, men at eleven kan betale om det er frivillig. Samstundes sa han at alle har rett til å bli med uansett om ein har betalt eller ikkje.
- Eit slikt prinsipp er svært vanskeleg å følgje i praksis. Kven skal vurdere kven som har evne og vilje til å betale, seier fylkesdirektør for opplæringsavdelinga hos fylkeskommunen Bekka Skaasheim.
- Vil sjå på saka
No vil KS ta saka vidare med ein formell førespurnad til departementet om klargjering av prinsippet. Statssekretær i kunnskapsdepartementet Lisbet Rugtvedt seier at dei igjen vil sjå på saka.
- Når så mange framleis tykkjer at dette er uklårt, vil vi sjå på kva måte vi kan gjere dette endå klarare, seier ho.










Frykta innesperra folk i tunell
Skal leve av naturen i eitt år