Vitnet seier Arve blei redd då han fekkk auge på hovudtiltalte den kvelden, og sprang unna med ein gong, antakeleg fordi han var redd. Vidare seier han at det var hovudtiltalte som ville snakke med Arve på skyss-stasjonen, og at Arve blei med for å snakke fordi hovudtiltalte lova å ikkje bråke. Vitnet seier hovudtiltalte drog arve med seg bak ein buss, medan Arve stritta imot. Dei tiltalte hevdar det var Arve sjølv som ville snakke med hovudtiltalte.
Deretter skal Arve ha sprunge unna, og vitnet seier han aldri før hadde sett Arve springe så fort.
Vitnet fortel nokon ropte "drep han", og han er 90% sikker på at det var hovudtiltalte som ropte.
Dei tiltalte seier det var god avstand mellom dei og Arve då dei sprang etter han over gangbrua, og at dei ikkje fulgde etter han under brua.
Dette stemmer ikkje med det vitnet fortel. Han seier dei tiltalte var rett bak Arve, og at alle tre sprang under gangbrua. Sidan skal det ha kome fleire vitne til som sprang etter under gangbrua. Hovudtiltalte og vitna kom så opp att på andre sida av brua, medan han ikkje såg att den andre tiltalte. Vitnet seier denne forsvann under brua saman med Arve.
Foto: Ragnvald Søgnesand