26.05.2012

Er dette stygt ?

Ny garasje i Førde (Foto: Vegar Erstad/NRK)

Eit nytt byggverk er i ferd med å bli reist  langs elva i Førde. Og plasseringa av det gjer gruppeleiar for SV i bystyret i Førde, Norvall Nøringset, oppgitt.

- Det er ei tøvete plassering. Heilt meiningslaust, for å sei det mildt.

- Eg trudde grunneigarane i sentrum sør var meir opptekne av å leggje til rette for å få folk til å trivst i bydelen, og trekkje folk til butikkane, seier han.

- Øydelegg tilgangen til elva

Ny garasje i Førde (Foto: Vegar Erstad/NRK)

Ein av planane for å gjere Førde til ein vakrare by er å vende seg mot elva og skape opne plassar. Eitt av forslaga er å lage ein gang- og sykkelveg langs heile elva. Nøringset meiner dette bygget er med på å øydeleggje for det.

- Garasjen er med på å stengje folk ute frå elva, både visuelt og praktisk. Skal folk bevege seg i sentrum, er elva viktig, seier han.

Lovleg bygg

Området er regulert for næring og bustader, og administrasjonen i kommunen har gitt løyve til å reise bygget. Men hadde søknaden blitt handsama politisk, er Nøringset klar på kva han hadde gjort.

- Då hadde eg stemt blankt nei.

- Er det noko som kan gjerast med dette no ?

- Då måtte det ha vore ein folkeaksjon, og det kan jo vere bra ved enkelte høve, avsluttar han.

Byggherrene av bygget seier at dei har gjort alt etter boka, og at dette må bli ei intern sak i kommunen viss Nøringset er misnøgd med administrasjonen sitt vedtak.

Har du bilete av bygningar du meiner er upassande ? Send dei til sfj@nrk.no