Hopp til innhold

Legg ned sengeposten i Florø

Sengeposten ved nærsjukehuset i Florø vert lagt ned. Det bestemte helseminister Sylvia Brustad i dag.

Sylvia Brustad
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Leiinga i Helse Vest fekk beskjeden på eit føretaksmøte fredag ettermiddag. Avgjerda betyr at  Sylvia Brustad støttar Helse Førde-styret sitt vedtak om å leggje ned sengeposten i Florø.

Helse Førde sparer årleg 7,5 millionar kroner på nedlegginga.

I ei pressemelding frå helse- og omsorgsdepartementet konstaterer Brustad at det lenger ikkje er grunnlag for drift av dei fem sjukesengene i Florø.

Tilsette svært skuffa

Vonbrotet var stort då dei kring 20 tilsette og pasientane fekk beskjeden i 14-tida fredag.

Nærsjukehuset i Florø
Foto: NRK

- Eg er veldig skuffa. Eg måtte faktisk lese det fleire gonger før eg skjønte at drifta av sengeposten ikkje skal vidareførast, og at vi berre skal drive poliklinikk og dagbehandling, seier avdelingsleiar Signe Norevik ved Florø sjukehus.

- Eg hadde faktisk tru på at departementet hadde sett at dette var ein framtidsretta modell for eit lokalsjukehus, legg ho til.

Krev meir satsing i Florø

Men Brustad krev at det vert vidareført eit spesialistteneste-tilbod med mellom anna satsing på og utviding av det polikliniske tilbodet og dagbehandling.

Leiinga i Helse Vest fekk og beskjed om at Brustad meiner det og er viktig at å styrke lærings- og meistringsfunksjonane ved Florø sjukehus. Statsråden ønskjer ogå at behovet for ambulante geriatriske tenster vert kartlagt.