Klokka 14 i dag kom svaret frå helseminister Syliva Brustad om at sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø blir lagt ned, slik Helse Førde ønskjer.
Fedmesenter
Men danske Transmedica har allereie planane klare for kva tilbod dei ynskjer å etablere i kystbyen.
Selskapet sit på mykje kompetanse når det gjeld operasjonar av overvektige, og konserndirektør Karsten Svendsen viser til at det er lange ventelister i Norge for denne pasientgruppa.
- Ynskjer meir aktivitet
Svendsen seier det kan vere aktuelt å etablere fedmesenter i Florø fordi det er mykje ledig romkapasitet ved nærsjukehuset.
Berit Seljeset Osa, leiar i Flora Høgre, har stor sans for Transmedica sine planar. Ho ønskjer ny og auka aktivitet ved nærsjukhuset.