26.05.2012

Hard justis over oppdrettsnæringa

Ånneland oppdrett (Foto: Merete Høidal/NRK)

Det blir ingen nye oppdrettsanlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane framover, og dei som allereie er der får ikkje utvide.

Fiskeridirektoratet vil no ha knallhard justis over næringa for å få bukt med problem som rømming og fiskesjukdommar.

Regiondirektør Hans Haddal i direktoratet seier til Bergens Tidende at mange nye anlegg går dårleg saman med etablert næring.

- Vi har hatt ein del uheldige situasjonar der vi har hatt område med oppdrett som har gått i takt, men der nye aktørar har kome inn og forstyrra det biletet, seier han.

For å få bukt med sjukdom og røming

Direktoratet strammar no grepet for å få bukt med vanskane i oppdrettsnæringa. Trass i løfta frå bransjen om å få bukt med sjukdom, røming og lakselus så har ikkje dette virka godt nok. No blir det inntil vidare ikkje gitt nye oppdrettskonsesjonar verken her i fylket eller sør for oss før det er rydda opp.

- Det er viktig å tenke heilskapleg om korleis ein skal plassere oppdrettsanlegga. Det er også viktig i samband med andre utfordringar næringa har med miljøet, seier han.

- Næringa i gong sjølv

Elin Tveit Sveen, som er styremedlem i Vest Norsk Havbrukslag, vart såpass overraska at ho ringte til regiondirektøren. Ho seier næringa er godt i gang med arbeidet med å betre miljøet.

- Vi har sett ned ei gruppe som skal sjå på sjukdomssituasjonen, og vi har stabla på beina eit budsjett på 3,5 millionar kroner for å jobbe med dette.

- Vi har fått ei ny vaksine vi har stor tillit til, og frå 2006 til 2007 er rømminga redusert med 63 prosent.

- Næringa er godt i gang med det fiskeridirektoratet har fokusert på, så heile utspelet er eigentleg litt merkeleg. Så eg tek det ikkje heilt på alvor, seier ho.

Held fast på ved vedtaket

Regiondirektør i direktoratet, Hans Haddal, er med på at næringa sjølv har gjort mykje. Men han held fast på at eksisterande anlegg ikkje skal få utvide i tillegg til at direktoratet vil prøve å få til oppdrettsfrie soner mellom klyngjer av oppdrettsanlegg. Dermed kan anlegg også verte flytta. Poenget er å redusere faren for at sjukdom spreier seg.

Elin Tveit Sveen spekulerer i om utspelet er eit argument for å få nye konsesjonar lenger nord i landet, i staden for på Vestlandet. Men det avviser Haddal.