Hopp til innhold

Nærøyfjorden vert film

- Nærøyfjorden er så vakker at den fortener ein heilt spesiell dokumentarfilm, meiner Skule Eriksen.

Nærøyfjorden
Foto: Skule Eriksen

Han er regissør for ein film om verdsarvområdet som ikkje vert laga etter den vanlege oppskrifta.

- Denne filmen skal vere annleis og ha sitt eige særpreg. Det skal ikkje vere kommentar og det skal ikkje vere intervju med folk. Her skal naturen spele opp sin eigen symfoni, seier han.

Ein sanseleg film

Nærøyfjorden i Sogn står på UNESCOS si liste over dei mest verneverdige natur- og kulturminna verda har. Regissør Skule Erikson vil gi deg og meg ei oppleving når vi ser dokumentarfilmen hans om Nærøyfjorden.

- Stemninga skal bere det heile. Du skal vere til stades i fjorden med sansane dine, det er ein sanseleg film.

- Som eit måleri

Dokumentasjonen av fjorden er grundig. Ulikt ver, lys og årstider skal med på filmrullen. Resultat av dette møysommelege og tidkrevjande arbeidet skal bli ein film på rundt 20 minutt.

 - Eg blir som ein målar, der kameraet mitt er som eit staffeli. Eg er veldig inspirert av måleriet. Det skal ikkje vere kamerabevegelsar, berre faste utsnitt.

- Vi må prøve å nyte

Arbeidsmetoden liknar den målarkunstnarane hadde for 100 år sidan, men regissøren avviser at dette kan bli i rolegaste laget. Dette er nettopp det vi treng i ein hektisk kvardag.

- Alt må gå fort og raskt i dag, det er ikkje rom for at vi skal ta det med ro og nyte. Det er det verkeleg på tide at vi prøver oss på.