Hoggormen har vakna

Biletet er teke søndag 10. februar. Ormen var dorsk, men vaken fortel fotografen.
Foto: Magne HamreFor denne hoggormen var vinterdvala over alt 10. februar. Det skuldast sannsynlegvis mildver på kysten dei siste vekene.
Publisert 10.02.2008 22:29.
- Skriv ut
- Eg har aldri møtt på hoggorm så tidleg. Hadde dette vore i indre strøk ville det ekstremt spesielt. Når det skjer på kysten vil eg kalle det uvanleg, men ikkje ekstremt uvanleg, seier viltforvaltar Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Hoggormen vart observert og fotografert i Solund av Magne Hamre søndag 10. februar der den låg og koste seg i det ormen sjølv sikkert oppfatta som vårsol.
- Dette er i alle fall eit garantert teikn på at det har vore mildt på kysten i det siste, seier Mjelstad.
- Kjenner dei at det blir varmt vaknar dei og vil ut og sole seg, slik er dei, seier han.
- Men det er ikkje alltid det løner seg å vere først ute. Plutseleg blir det nok kuldegrader att.
- Kva skjer med ormen då?
- Då berre kryp den under ein stein og går i dvale att. Det er ingen fare med den, seier Mjelstad.
Mjelstad legg til at han har høyrt om fleire andre observasjonar av tidlege vårteikn.
- Eg har til og med høyrt prat om at nokon har sett flaggermus. Det er svært sjeldant på denne tida, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket